God start på sesongen i Eira

– Veldig god start på årets sesong, seier leiar Kirsti Fagerslett i Eira elveeigarlag. Laurdag vart det teke ein laks på 12,8 kilo på Sirmaoen. Søndag tok ein fiskar med tilhaldsstad i Engelskhuset ein laks på 13,2 kilo i nedre Grytos.

Finn Tangen og Kolbjørn Heggdal er begge banksjefar i Sparebanken Møre. Dei inviterte med seg kundar til Engelskhuset i Eresfjord første helga i seseongen.  Foto: Sigmund Tjelle, Driva

Nyheter

(Driva:) Frå startskotet gjekk ved midnatt fredag har det vore mange fiskarar lang Eira-bredden. På Siramoen og ved Engelskhuset er dei første gruppene med fiskarar på plass. Laurdag morgon møtte Driva på banksjefane Kolbjørn Heggdal og Finn Tangen i Sparebanken Møre som hadde med kundar til nokre døgns opphald på Engelskhuset.