Får «Verdens Navle» i sansehagen i Aukra

Tirsdag vart kunstinstallasjonen «Verdens Navle» opna i sansehagen ved Aukra omsorgsenter, eit kunstverk som er meint å gje bebuarane både fysisk og psykisk gode opplevingar.

UNIKT OPPDRAG: Kunstnarane Stefan Christensen og Laila Kongevold har laga eit unikt kunst-hus i sansehagen til omsorgssenteret på Gossen. – Vi ønska å lage ein samtalestartar, eller ei oppleving for den enkelte, i stille og lune omgjevnader, forklarte dei.   Foto: GUNN E. AARØNES

Nyheter

Aukra: I utkanten av den grøne sansehagen ved Aukra omsorgssenter, med stiar og blomstrande bedd rundt seg og Falkeparken rett bak, står eit glashus fullt av kunstneriske installasjonar – ein konkylie, ei ugle, vakre steinar, ein stengel som strekker seg mot taket og meire til.