(Sunnmørsposten:) I grunnen vart ugle-stabelen til undervegs. Og det tok lang tid. Etter kvart som vi heldt på gjekk det sport i det, forklarer Karin, som bur i Tresfjord.
Det gjekk med heile 15 kubikk med ved av gran.
Vedskjulet fullt
Bakgrunnen var at vedskjulet var fullt, så ho og ektemannen Peder Arne måtte finne ei anna løysing, skriv Bygdebladet.
– Peder Arne har hogd og kløyvd veden, medan eg har stabla. Og det gjekk med meir ved enn eg hadde tenkt, så han måtte opp i skogen vår igjen to gonger for å få tak i meir.
Og etter så lang tid med kløyving og stabling, så må ugla få stå ei tid.
– Ja, veden blir iallfall ikkje brent opp i år, for å seie det slik.
Reir i vindauget
Ein annan grunn til at stabelen må få stå er at den allereie er teken i bruk av andre:
– Linerla har bygd reir i det eine vindauget, fortel Karin M. Sylte til Sunnmørsposten.
Dessutan er det ein del folk innom for å sjå på ugle-stabelen i Tresfjord.
Artikkelen var først publisert i Sunnmørsposten.