Stor oppslutning i Vestnes

Ingen politi i fronten på folketoget på Vestnes i år. Med tre kvinner i spissen for eit langt tog gjekk turen frå kyrkja til Helland skule i fantastisk sommervêr.
Nyheter

I alle bygdelag i Vestnes kommune vart nasjonaldagen feira på tradisjonelt vis. På Vestnes møttest folk først til festgudsteneste i kyrkja, der John Sylte heldt preika. Ute på plassen var det markering ved minnebautaen over dei falne.  Leif Magne Lervik heldt appell, der han understreka verdien av fridom, og at ein må heile tida vere på vakt og verne om fridommen.