Berga takta i barnetoget på Gossen

Det såg lenge mørkt ut for trommis-rekka i Gossen Musikkorps og Gossen skolekorps. Men ei veke før avgang melde Leon Dale Stavik (15) seg, og dermed var takta berga.
Nyheter

Dei hadde masse tone, men skranta på takt. Dermed la Anne Beate Skeide og Gossen Musikkorps ut ei melding på Facebook: Dei trengte trommisar til nasjonaldagen.