Vil lage Norges lengste vimpelrekke

– Vi må sette oss hårete mål og håper å lage Norges lengste vimpelrekke til årets Aukradag, 15. juni, fortel leiar Jens Petter Kjøll ved Aukra frivilligsentral. Saman med Aukra Husflidslag inviterer han alle aukraværingar til vimpel-dugnad.
Nyheter

– Finn fram gamle gardiner eller utslitte dynetrekk og møte opp på Frivilligsentralen på Falkhytta 7. og 14. mai, så hjelper medlemmene i husflidslaget til med resten, oppmodar leiar i Aukra Husflidslag, Janne Wie.