Eikesdalen Alpinanlegg AS sender planprogram ut på høyring:

Alpinanlegg og 500 hytter i Eikesdalen

Den svenske investoren Christian Petterson har ikkje gitt opp planen om alpinanlegg i Eikesdal. No er planforslag ut på høyring – det inkluderer også utbygging av opp mot 500 hytter, restaurantar og hotell.

Utsikt mot Inste Løypålia: Frå presentasjonen i 2005: Ein eller fleire av nedfartane var forklart å skulle komme ned snørampane til høgre for den bratte fjellveggen.  Foto: IVER GJELSTENLI

Nyheter

EIKESDAL/ NESSET: Eikesdal Alpinanlegg AS er på banen igjen; selskapet varslar no oppstart av planarbeid for prosjektet. Planforslaget omfattar detaljregulering for alpinanlegg og utbygging av hundrevis av hytter, vegar, og innplassering av servering og overnatting. I planarbeidet inngår plassering og utforming av alpinanlegg med skiheisar, tomtedeling, grad av utnytting, storleik og høgd på utbygging, samt plassering av vegar og tilkomst.