Administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune

Varslar sin avgang

Etter 14 år som administrasjonssjef i Vestnes kommune varslar Tone Roaldsnes (62) at ho går av og blir pensjonist.

Blir pensjonist: Administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune.   Foto: Erik Birkeland

Nyheter

VESTNES: – Eg vil med dette få gi ei førebels melding om at eg har intensjon om å gå over til pensjon frå vinter/vår 2020, skriv Tone Roaldsnes i ei melding til medlemmane av formannskapet og gruppeleiarane i kommunestyret.