Innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Bli i Rauma, eller flytte over til Vestnes? Slik svarer folk i Hjelvik og Våge

Svar frå spørjeundersøking er no klare.
Nyheter

Fylkesmannen har onsdag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.

Fylkesmannen opplyser at innbyggarane i dei to grunnkrinsane fekk følgjande spørsmål:

«Kva kommune meiner du at grunnkrinsane Hjelvik og Våge skal høyre til i framtida?»

Og svaralternativa:

«Bli i Rauma kommune»

«Overflytting til Vestnes kommune»

«Veit ikkje»

Resultat

Resultatet frå innbyggarhøyringa viser desse svara på spørsmålet:

Og slik svarte dei spurde:

23 prosent svarte «Bli i Rauma kommune»

66 prosent svarte «Overflytting til Vestnes kommune»

11 prosent svarte «Veit ikkje»

Svarprosent en var 92 prosent.

272 svarte

Det er Opinion som i april har utført undersøkinga med Fylkesmannen som oppdragsgivar.

272 fastbuande personar over 16 år i dei aktuelle krinsane vart oppringde og spurde i undersøkinga, går det fram av rapporten om undersøkinga.