To til legesjekk etter ulykke på Ørskogfjellet

Ein mann og ei kvinne frå Ålesund blei køyrd til legevakt for sjekk.
Nyheter

Naudetatane rykka ut til E39 på Ørskogfjellet etter melding søndag kl. 16.38 om ein bil som hadde køyrd av vegen. To personar er involvert, skriv politiet på twitter. Begge var ute av bilen og oppegåande då politiet kom.

Uhellet skjedde like ved skiheisa på Ørskogfjellet. Dei to personane som var i bilen vert behandla av ambulansepersonell og frakta vidare til sjukehus for ytterlegare undersøkelsar, skriv politiet.

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad seier til Rbnett at dei to er ein mann og ei kvinne med adresse Ålesund, begge er fødd rundt 1950.

– Helse tok dei med seg til Ørskog legesenter for sjekk i første omgang. Så er det uvisst om dei har kjørt vidare til sjukehus, seier han.

Politiet vil prøve å finne årsaka til uhellet, og forsikrar samstundes at promille ikkje har vært involvert.

Uhellet førte med seg ein del kø på staden.