Aukra kommune vil ha fart i bygginga av fellessjukehuset på Hjelset

Ber helseministeren ta grep

Ordførar Bernhard Riksfjord i Aukra er uroa over dei stadige utsettingane av byggestart på det nye sjukehuset på Hjelset. No ber han regjeringa ta grep.

Kontaktar Bent Høie: Ordførar Bernhard Riksfjord ber om fortgang i utbygginga av sjukehuset på Hjelset.   Foto: Marit Heiene

Nyheter

AUKRA: Dette kjem fram i utkastet til eit brev til departementet. Brevet blir lagt fram for Aukra kommunestyre den 23. april. Når ordlyden er godkjent, blir brevet sendt til departementet.