Massevaksinasjon i Tomrefjord

Frå torsdag lunsj til fredag ettermiddag vart tett på 1.500 arbeidarar vaksinert ved Vard Tomrefjord.

Turid Nordstrand Rødset (Medi3) tar vaksine på Andreas Vik og André Skjegstad, begge jobbar på verftet.   Foto: HEGE ANITA AKSELVOLL

Nyheter

(Sunnmørsposten:) Måndag fekk Vard vite at det har vore eit utbrot av pneumokokkbakterien ved verftet. Allereie fredag er dei fleste ved verftet vaksinert.

– Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen håpte vi kunne være klar til å starte over helga, men vi kom i gang allerede i går ved lunsj, seier Hege Anita Akselvoll i Vard.


Vestnes opprettar kontakttelefon

Kommunen er imponert over handteringa av sjukdomsutbrotet ved Vard Langsten. Opprettar kontakttelefon for dei som er bekymra.



Vestnes opprettar kontakttelefon

Kommunen er imponert over handteringa av sjukdomsutbrotet ved Vard Langsten. Opprettar kontakttelefon for dei som er bekymra.


Alle som jobbar med innreiing om bord i båt ved verftet får tilbod om vaksine. Vaksinen er den same som alle norske barn får tilbod om i barnevaksinasjonsprogrammet. Bakterien kan i tillegg til lungebetennelse føre til blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.

– Helsepersonellet som hadde ansvaret for vaksineringa var innleigd frå Medi3. Opptil fem personar sat der samtidig og ga sprøyte. Vard på si side sørga både for effektiv logistikk og for ei informasjonsbrosjyre på fem språk, fortel Akselvoll.

Imponert kommunelege

– Eg vil berømme dei som har gjort dette og tatt så godt unna. Det skal mykje til å slå det. Eg er imponert, seier kommunelege Jan Fjeldheim i Vestnes. – No får vaksinen vaksinen byrje å verke, og etter påske skal den ha veldig god effekt.

Ein aggressiv stamme med pneumokokkbakteriar, kombinert med eit arbeidsmiljø med sveiserøyk og støv, bidrog til utbrotet, fortel legen. Rundt ti personar er stadfesta smitta av denne bakterien ved verftet. To var alvorleg sjuke, alle er friske igjen.

– Penicillinen vi har brukt har vore effektiv, seier kommunelegen i Vestnes til Sunnmørsposten.

Sist det var massevaksinering i området var under epidemien av svineinfluensa i 2009, men då hadde dei betre tid til å planlegge.

Ved Vard Langsten held vaksineringa fram over helga. I løpet av ei veke er rundt 1.800 arbeidarar innom portane. Enkelte av dei sirkulerer også mellom Vard-verfta. Tilbod om vaksinering går ut til nærare 2.000, opplyser Akselvoll i Vard.

Artikkelen var først publisert i Sunnmørsposten.