LESERINNLEGG

Dette er «tøv», Steinsvoll!

Og, det veit du så inderleg godt Mellvin Steinsvoll.

Frank Sve  Foto: RICHARD NERGAARD

Nyheter

Du veit så inderleg godt, kven som innførte føretaksmodellen som vi no slit med, og som garantert fører til mindre helsepengar til Møre og Romsdal.


LESERINNLEGG

Frank Sve og Helse Møre og Romsdal

«Uansett hvor vi står i det politiske landskapet, så finnes det ikke tvil om hvor hovedansvaret for statens helsetilbud til befolkningen ligger.»

 

Du veit så inderleg godt, at det var Arbeidarpartiet og raud/grønt styrefleirtal som ved Kolbjørn Almlid frå SP som sørga for dette. Dei stemte også ned representantane frå Møre og Romsdal, då finansieringsmodellen vart vedteken i Helse midt Norge.

Du veit så inderleg godt, kva som er problemet i HMR. Det er totalt mangel på leiing og styringsevne, som har synt seg fram i famøse vedtak om å leggje ned til dømes fødeavdelinga i Kristiansund.

Du veit så inderleg godt, at underteikna og Møre og Romsdal FrP overhode ikkje er redd for å seie ifrå høgt og tydelig til Helse midt Norge, eiga regjering eller sågar eigne Statsrådar.

Du veit så inderleg godt,  at du ikkje tilfører det «spøtt» i debatten om å kjempe for å bevare Mork, Aure, DPS et på Sjøholt eller fødeavdelinga i Kristiansund, med ditt angrep på meg og FrP.

Du veit så inderleg godt, at no må leiinga og styret i HMR skiftast ut, og at dersom ikkje Helse midt gjennomførar dette, ja så peikar «flasketuten» på Høgre og Statsråd Høie.

Du veit så inderleg godt, at du sjølv har ein partileiar ved Støre, som overhode ikkje lyttar til deg og dine her i fylket ang helseføretaksmodellen.

Derfor synest eg, «du jaggu skal feie for eiga dør før du går ut mot andre»

Mvh Frank Sve, fylkesordførarkandidat, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook