Omlegging av bompengeinnkrevjing på E 39 i løpet av året

Vestnes-ja til Vegamot

Vestnes kommune seier ja til at Eksportvegen AS går inn i det regionale bompengeselskapet Vegamot. For dei fleste blir bompengane omtrent som før, nedbetalingstida blir lenger.

Nytt Bompengeselskap: I løpet av året vil det regionale bompengeselskapet Vegamot ta over innkrevjing av bompengar på Tresfjordbrua. For dei fleste blir prisen omtrent som før, for tungbilar utan brikke blir det vesentleg billigare. Foto: Olav Skjegstad 

Nyheter

VESTNES: I dag får bilar med rabattavtale og brikke maks 50 prosent rabatt. Når Vegamot tar over, blir rabatten 20 prosent for bilar med brikke. For tunge køyretøy blir det ikkje rabatt, men prisen per passering blir lågare enn i dag. Det blir slutt på forskotsbetaling med rabatt slik vi har det i dag, all betaling skjer på etterskot.