Midsund-ja til nytt kommunevåpen – men ordførar Gangstad lanserer ny idé

– Trippel-vri på kjeda

Om ikkje Molde, Midsund og Nesset blir einig om nytt kommunevåpen, lanserer ordførar Gangstad forslag til eit nytt grep.

SYMBOLSK: Midsundordførar Odd Helge Gangstad (t.h.) foreslår at Midsund og Nesset sine kommunevåpen kan få plass på ordførarkjeda, om Moldes kval blir valt som kommunevåpen for nye Molde. På bildet moldeordførar Torgeir Dahl og nessetordførar Rolf Jonas Hurlen (t.v.), under opninga av Nessethallen. Med på bildet også Adrian Sørlie.   Foto: Elin Røshol, fylkesmannen

Nyheter

Formannskapet i Midsund behandla måndag saka om nytt kommunevåpen for nye Molde kommune. Der lanserte ordførar Odd Helge Gangstad forslag til ein ny vri – i tilfelle kommunane som skal slå seg saman ikkje samlar seg om forslaget «Storslått og energisk».