Heidi Løklingholm listetopp og ordførarkandidat for Aukra Sp

Aukra Senterparti har no nominasjonslista klar til haustens kommuneval.

Heidi Løklingholm og Kristian Onsøyen, 1. og 3. kandidat Aukra Sp, saman med Trygve Slagsvold Vedum.  Onsøyen er nykommar i frå Julsundet, og ein av to ungdomskandidatar.  Foto: Aukra Sp

Nyheter

Aukra Senterparti har hatt nominasjonsmøte, og set Heidi Løklingholm som listetopp og ordførarkandidat, opplyser Aukra Senterparti.

- Vi ønskjer levande lokalsamfunn og vil ta i bruk og utvikle heile kommunen.  Frå øyane i havet til fjella i Julsundet. Oppleving av fellesskap og felles identitet er viktig for å inkludere og integrer alle. Dette er verdiar som Aukra Senterparti vil legge til grunn for arbeidet i neste kommunestyreperiode, seier Heidi Løklingholm i ein presseuttale.

Løklingholm har erfaring frå tre periodar i kommunestyret.

Her er lista til Aukra Senterparti:

1. Heidi Løklingholm

2. Rune Skeide

3. Kristian Onsøyen

4. Torill Einara Nerbøvik

5. Svein Erik Nautnes

6. Lisa Nautnes Dale

7. Marius Lynge Dale

8. Fredrik Gundersen

9. Ole Anton Skeide

10. Benjamin Blomvågnes

11. Amund Oksavik

12. Ann Elin Leikvoll