Alpinfamilien i djup sorg

Det var den 51 år gamle Egil Åmbakk frå Ørsta som omkom i den tragiske skredulukka ved Brunstadhornet laurdag.

OMKOM:Egil Åmbakk omkom då han vart teken av eit snøskred ved Brunstadhornet laurdag. Åmbakk var ei særs sentral eldsjel i lokal alpin generelt og i alpingruppa i Ørsta IL spesielt. No er den lokale alpinfamilien i sorg. Her Åmbakk på Bondalseidet under Bjønnameisterskapet i 2016.   Foto: MØRE-NYTT

Nyheter

(Sunnmørsposten:) Åmbakk var ein kjent og kjær person i det lokale alpinmiljøet, og har også i mange år vore leiar for alpingruppa i Ørsta IL.

No nøgde han seg med å vere trenar for dei yngre alpinistane i U14 og U16-gruppa i klubben, og noverande leiar Geir Ove Molvær er svært prega av tragedien.

– Det er heilt meiningslaust at Egil vart riven bort så brutalt no. Tankane våre går no til dei pårørande som sit att, vi må prøve å støtte dei så godt vi kan, seier Molvær.

Helgas KM i slalåm, der Egil Åmbakk skulle ha vore rennleiar inntil rennet vart flytta frå Bondalseidet til Strandafjellet, vart avlyst på grunn av den tragiske dødsulukka. Det same vart måndagens årsmøte i ØIL si alpingruppe.
 

Stig Aambø er administrasjonssjef i skikrinsen, og kjente Åmbakk veldig godt.

– Vi er i sjokk, alle saman. Egil var ein kjernekar, ein ja-mann som alltid stilte opp. Ein av dei største alpinprofilane vi hadde. Han har vore krinslagstrenar, og sat lenge i alpinkomiteen. Dette var heilt forferdeleg å høyre, seier Stig Aambø.

Åmbakk etterlet seg tre born.

Artikkelen var først publisert i Sunnmørsposten.