«Ragnhild Kristine» er bygd og innreidd på Vard Aukra for Orten Fiskeriselskap AS

– Dette er Norges mest moderne sjark

Brørne Torstein og Øystein Orten på Gossen har akkurat starta prøvefiske med den mest moderne sjarken i landet.

MODERNE: «Ragnhild Kristine» er den største og mest moderne sjarken her til lands. Det kan vekslast mellom fiske med garn eller autoline. Det er også spesielt at det blir fiska heile døgnet med to skift. Her ved kai på byggeverftet,Vard Aukra.   Foto: Asbjørn Windstad

Nyheter

Gossen: I daglegtale og i kvotesamanheng blir båtar opptil 15 meter kalla sjark. Skipperane Torstein og Øystein Orten har sjølv vore aktive i bidragsytarar i utviklinga av eit heilt nytt konsept for denne fartøytypen med ei rekke nyvinningar. Sist det vart bygd og levert ein fiskebåt til Aukra var først på 1970-talet, og det var av den tradisjonelle fartøytypen.