Vil verne heistårnet på Raudsand – eit unikt minne over 70 år med gruvedrift

«Vi har tenkt såpass fritt at vi har sett for oss ein restaurant på toppen»

Styret for Raudsand Gruvemuseum vil verne heistårnet på det tidlegare gruveområdet på Raudsand. Fylkeskonservatoren støttar planane.

LANDEMERKE: Heistårnet er eit landemerke i bygda. No blir det jobba for å få tårnet verna, restaurert og opna for publikum.  Foto: FREDDY SVENSLI

Nyheter

(Driva.no): I samband med høyringa til reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand signaliserte både fylkeskonservatoren og styret for Raudsand Gruvemuseum at det karakteristiske heistårnet/ sjakttårnet bør vernast. Heistårnet blir omtala som den einaste intakte bygninga som representerer utbygginga og moderniseringa av eit mellomstort malmbergverk frå industriell tid. No ventar styreleiar for gruvemuseet, Svein Roset, på at prosessen skal skyte fart for slik å få vernevedtaket på plass.