Grunnboringar viser at Møreaksen-tunnelen kan bli ein liten kilometer kortare

Botnpunktet kan hevast 30 meter på den undersjøiske tunnelen.

BORESKIP: I januar gjorde «Fugro Synergy» boringar langs traseen for den planlagde undersjøiske tunnelen under Romsdalsfjorden. Resultata er no klare, og det ser veldig positivt ut, seier prosjektleiar Harald Inge Johnsen.   Foto: MARIN TEKNIKK

Nyheter

(Sunnmørsposten): I januar gjorde boreskipet «Fugro Synergy» fleire boringar langs traseen for den planlagde undersjøiske tunnelen på E39 Møreaksen. No er resultata klare. Boringane ved botnpunktet viser at det er fast fjell 30 meter høgare enn det dei tidlegare kunne legge til grunn.