Steinar Reiten i Stortingets næringskomité har besøkt OiW l Støttar Pål Farstad (V) i synet på at verken Raudsand eller Brevik får deponi for farleg avfall

– Teknologi vil ta bort behovet for deponi

Nye teknologiske løysingar vil kunne eliminere behovet for deponi. Det meiner Steinar Reiten, som med Stortingets næringskomité nyleg besøkte pilotanlegg for reinsing av farleg avfall.

RAUDSAND: KrF-politikar Steinar Reiten er sterkt i mot planane om deponi for farleg avfall på Raudsand. Han meiner teknologi vil fjerne behovet for deponi. FOTO: ØYVIND LEREN 

Nyheter

OSLO: – Eg støttar Pål Farstad i synet på at det ikkje treng å bli deponi for farleg avfall verken på Raudsand eller i Brevik. I løpet av 5–10 år vil forsking og teknologi gjere det muleg å bearbeide farleg avfall til ufarleg avfall, seier Steinar Reiten, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal KrF og medlem av Stortingets næringskomité.