Analyse konkluderer

– Forsvarleg å legge ned og flytte sengene frå DPS på Sjøholt

Det er konklusjonen i risikoanalysen for Distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt.

Klinikksjef Karl Arne Remvik ved Kliunikk for psykisk helse og rus.   Foto: Helse MR

Nyheter

Helse Møre og Romsdal la tirsdag ettermiddag fram analysen av risiko og sårbarheit (ROS-analysen) ved å legge ned døgnposten på DPS Sjøholt. 

Onsdag 6. februar samla 20 deltakarar seg for å vurdere risikoar som kan oppstå ved ei nedlegging av døgnposten av DPS Sjøholt, overføring av senger til andre seksjonar, og styrking av ambulant team.

- Det har vore gjort eit godt arbeid med ROS-analysen. Den gir oss viktige innspel på utfordringar, og forslag til kompenserande tiltak og løysingar. Ut frå eit heilhetsperspektiv vurderer vi at det er forsvarleg å legge ned sengeposten og flytte senger til andre seksjonar, seier klinikksjef Karl-Arne Remvik ved Klinikk for psykisk helse og rus.

«Vi» betyr leiinga ved avdeling for Distriktspsykiatriske senter Sunnmøre, og klinikkleiinga.

25 risikoområde

Analysen peiker på 25 risikoområde innanfor hovudområda «Kvalitet, uønska variasjon og pasientsikkerheit», «Rekruttering, bemanning og kompetanse», «Seleksjon og pasientforløp» og «Omdømme og oppleving av tryggheit», skriv føretaket. 

Nokre av områda er vurdert til å ha behov for tiltak.

Desse områda er:

  • Kvalitet og ventetid
  • Bemanningssituasjon ved samarbeidande seksjon (Seksjon for utgreiing og behandling)
  • Samhandling med kommunane
  • Kontinuitet i forløp for pasientane
  • Omdømme

ROS-analysen peiker på at områda er knytt til overgangsfasane i omstillinga, skriv HMR i pressemeldinga.

Prosessen framover

- No vil vi sette ned ei arbeidsgruppe i Avdeling for DPS Sunnmøre som skal utarbeide ein handlingsplan for vidare framdrift, og sikre god fagleg medverknad. I tillegg er det viktig at kommunane blir involvert. Her vil vi bruke samhandlingsarenaene vi allereie har, seier Remvik. 

Innstillinga frå leiinga i Klinikk for psykisk helse og rus skal leggast fram for styret 20. februar, skriv Helse Møre og Romsdal i meldinga.

Ekspertgruppa som bidrog i ROS-analysen foreslår desse kompenserande tiltaka:

  • Opprette 5 døgnplassar ved DPS Vegsund.
  • Vurdere behov for aukt grunnbemanning og behandlarstillingar ved overføring av personalressursar frå DPS Sjøholt.
  • Endre behandlingsstruktur ved DPS Vegsund for betre ivaretaking av behandlingsbehov etter evt. omlegging.
  • Opprette inntil 4 døgnplassar ved DPS Volda.
  • Omdisponere 2-3 AHT døgnplassar til Utgreiing og behandling Ålesund. Vurdere behov for aukt grunnbemanning.
  • Styrking av ambulant verksemd ved DPS Sjøholt med inntil 6 stillingar, avhengig av behov.
  • Vurdere styrking av andre ambulante team/poliklinikk ved behov. Spesielt vurdere styrking av akutteam for å avlaste behov for døgnplassar.
  • Vidareføre og styrke gode samhandlingsarenaer med kommunehelsetenesta og brukarorganisasjonar.
  • Auke bruk av individuell plan og meistringsplan.
  • DPS Vegsund og DPS Volda har disponibel akuttseng for snarleg overføring frå sjukehuspsykiatri.
  • Styrke moglegheit for strukturerte kliniske dagtilbod.
  • Tydeleg dialog med kommunane ved evt. opplevde utfordringar knytt til ansvarsforhald og samhandling. Det understrekast at det ved denne omstillinga ikkje forutsetjast at det skal overførast nye oppgåver til kommunane.

Ein del av omstillinga

Styret vedtok 24. januar at helseføretaket skulle gå vidare med ei rekke forslag til omstillingstiltak.

Døgntilbodet ved DPS Sjøholt er foreslått lagt ned som eitt av tiltaka, med konsekvens at sengene blir flytta til andre seksjonar i helseføretaket. Døgntilbodet inneheld i dag 12 sengeplassar. To av dei er brukarstyrte, og ei seng er knytt opp mot ambulant team.

Hensikta med ROS-analysen har vore å vurdere risikoar og sårbarheiter i samband med forslaget om å leggje ned døgnposten ved DPS Sjøholt og overføre senger til andre seksjonar, og styrke ambulant team, står det i pressemeldinga.

I analysen har ein også vurdert konsekvensar av ulike risikoar og sårbarheiter, og kor sannsynleg det er at dei vil finne stad.

Som ein del av ROS-analysen blei det også vurdert kva risikoreduserande tiltak som bør settast i verk for å handtere ulike risikoar.