Aukar parkeringsavgifta på Ørskogfjellet

Vestnes kommune seier ja til at Ørskogfjell Skilag får auke parkeringsavgifta på «Flystripa» ved E 39 på Ørskogfjellet frå 30 til 50 kroner.

DRIV SKISENTER: Marianne Lied Sæter i Ørskogfjell skilag. Det er skilaget som brøyter og tar parkeringsavgift både ved skitrekket og på «flystripa».  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

VESTNES: Saka kjem opp i Vestnes formannskap måndag. Ved store utfartsdagar på Ørskogfjellet har det skapt problem når folk parkerer langs europavegen.