Frp satsar på 22-åring frå Ålesund

Håkon Strand ny politisk nestleiar i Frp.

Rykker opp: Håkon Strand er ny nestleiar i Møre og Romsdal Frp.  Foto: Privat

Nyheter

Ålesund: 22-åringen vart samrøystes valt på fylkesårsmøtet i Ålesund sist helg. Han har vore fylkesleiar i FpU og er nominert på andreplass på kommunevallista for den nye storkommunen Ålesund.

Fylkesleiar Frank Sve seier i ei pressemelding at partiet satsar på å bygge opp unge politiske talent.

– Dette har vi lukkast med over mange år, seier han, og viser til at dei har fått fram personar til viktige posisjonar innad i partiet og i regjeringa.

Stortingsrepresentant Jan Steinar Engeli Johansen vart valt til ny organisatorisk nestleiar. Tor Egil Valldal frå Vestnes er studieleiar i styret, som elles har desse medlemmene: Nils Petter Tonning (medlemsansvarleg), Geir Stenseth, Solveig Båtsvik, Inger Lise Nerland, Ole Henning Ødegård, Cine Finstad Austnes (fylkestingsgruppa) og Kåre Fjørtoft (seniorgruppa).