Fråtatt førarkortet i fartskontroll

Sjøfør i Aukra hadde for mange prikkar.
Nyheter

UP gjennomførte onsdag ein fartskontroll i ei 70-sone i Aukra. Her vart ein bilførar ilagt forenkla forelegg etter å ha blitt stoppa i 77 km/t. Sidan han hadde for mange prikkar i førarkortet frå før, vart også førarretten inndregen, opplyser politiet i Møre og Romsdal.