Stappfullt på infomøte om Nordøyvegen

Meir enn halve Fjørtofta kom til informasjonsmøte om Nordøyvegen på Fjørtoft skule. Stemninga var upåklageleg.

Halve Fjørtofta og vel så det kom på informasjonsmøtet om Nordøyvegen. FOTO: PER OVE STIGE 

Nyheter

(Sunnmørsposten) Are Eliassen i Skanska kunne fortelje at dei no er i gang med å bygge anleggskaier. Før dei kan frakte maskiner til Nordøyane, og skipe stein ut, trengst det nye kaier på Austnes og Longva. Her driv Busengdal Transport no på med å fylle ut i sjøen.  I slutten av februar kjem dei første anleggsmaskinene.