Går med på inngangspengar på Fjellstua:

No er det avklart at Fjellstua får lov til å ta 100 kroner for utsikta

Eigarane av Fjellstua har hatt eit møte med kommunen og vorte samde om at det ikkje er noko i vegen for å ta 100 kroner for utsikta frå terrassen.

Kostar: Det kostar å drive Fjellstua. Difor vil eigarane ta 100 kroner for å utsikta frå terrassen. Det har dei vorte samde med kommunen om at ikkje bryt med gjeldane regulering av området. Andre utsiktspunkt i området vil framleis vere gratis. FOTO: STAALE WATTØ, Sunnmørsposten 

Nyheter

(Sunnmørsposten) I sommar kom det fram at Fjellstua ville ta 100 kroner for utsikta frå neste sommar av. Det vekte reaksjonar, fordi bystyret i fjor vår vedtok at allmennheita skulle ha fri tilgang til området. Difor hadde partane eit møte 1. november i fjor.