Bedehuset på Vestnes er til sals

Vestnes Indremisjon vil selje bedehusets sitt.

Til sals: Bedehuset ligg ikkje langt frå Vestnes kyrkje. I 2011 vart huset pussa opp. Foto: Olav Skjegstad 

Nyheter

Vestnes: Huset, som ligg sentral på Vestnes, har ikkje vore i bruk etter ein vasslekkasje i fjor vinter.

– Etter riving av innvendige overflater vart det avdekka byggteknisk svikt som skaper fuktproblem i sokkeletasjen på bedehuset som vart påbegynt rundt 1960. Desse problema vil vere relativt kostbare å bli kvitt, seier Knut Magne Aas i Vestnes indremisjon i ei pressemelding.

Dei har det siste året nytta Vestheim til sine samlingar.

– Dette har fungert godt, og styret i Vestnes Misjonsforsamling og Vestnes Indremisjon ser det mest formålstenleg å flytte aktiviteten dit på permanent basis, og selje bedehuset, seier Aas.


Bedehus blir pub

Fra salmesang til øl og vin i Tomrefjord.


Eigedomen omfattar bedehuset på 140 kvadratmeter i grunnflate og tomta på litt over eit dekar.

Huset var pussa opp for 600.000 kroner så seint som i 2011. Då fekk huset mellom anna ny bordkledning og ny inngang.