Sparebanken Møre deler ut 175.000 kroner i 23 kommunar

175-årsgåve til tursti

Ved ein enkel seremoni den 6. desember fekk ei gruppe entusiastar ein flying start på sitt engasjement for vidare utvikling av turstinettet på Harøya.

«ENTUSIASTANE» PÅ TUR: Frå venstre Kjell Faksvåg, Lars Gangstad og Henning Sandøy.  Foto: Svein Ove Søholt

Nyheter

Jubileumsgåva frå Sparebanken var på heile 175.000 kroner. Ein tusenlapp for kvart år banken har vore i drift. Tilsvarande beløp blir også tildelt gode formål i alle dei andre 23 kommunane banken har kontor i dag.