Elevane inviterer til demonstrasjon foran fylkestinget i Molde i dag

Måndag kl. 17.30 inviterer Elevorganisasjonen til demonstrasjon i Alexandraparken mot prioriteringar som går utover vidaregåande skular.

ALEXPARKEN: Aurora Stafsnes Håkonsen, leiar i Elevorganisasjonen Møre og Romsdal, inviterer «alle» til demonstrasjon for dei vidaregåande skolane i fylket, i Alexandraparken kl. 17.30 måndag. Men Nordøyvegen vert ikkje nemnt med eit ord.   Foto: NICHOLAS BRATSETH

PLAN: Slik kan Fræna vidaregåande framstå etter rehablitering, om planane vert gjennomførde. Spørsmålet er om opprusting i Fræna og på andre vgs. skolar i fylket står i fare om Nordøyvegen blir vedtatt. Elevorganisasjonen i fylket vil demonstrere foran politikarane i fylkestinget etter den første møtedagen i Molde måndag. Tirsdag skal fylkestinget vedta eit endeleg ja eller nei Nordøyvegen.   Foto: ILLUSTRASJON: MR Fylke / Sporstøl

Nyheter

Det er Aurora Stafsnes Håkonsen, leiar i Elevorganisasjonen Møre og Romsdal, som inviterer til demonstrasjon i Alexandraparken kl. 17.30 måndag ettermiddag.

– Kva for respons har dokker fått på invitasjonen?

– Vi har sendt ut mail til alle skolane, og oppretta eit Facebook-arrangement der 75 har trykt «skal», og 230 «interessert». Så har vi ein kontaktperson i alle elevråda. Så kjem heile gjengen frå styret. Vi er 10 stykker. Men ingen er frå Romsdal, dessverre, vi er berre sunnmøringar og nordmøringar i styret, seier ho. 

Fylkestingstart i dag

I dag måndag startar Fylkestinget sitt tredagarsmøte på Alexandra i Molde, som er rett bak Alexandraparken. Mellom dei store sakene i møtet er økonomisk status i Møre og Romsdal, som er svært dårleg, og eit endeleg vedtak om ja eller nei til Nordøyvegen.

Som kjent åtvarar fylkesrådmannen om at eit ja til Nordøyvegen vil bety at andre satsingar i fylket må vente i 10-12 år, også oppgradering av vidaregåande skolar. Måndag skal politikarane drøfte Nordøyvegen, medan sjølve vedtaket skal skje i morgon tirsdag.


 

Fryktar dårlege forhold for vgs.

Elevorganisasjonen i fylket fryktar at prioriteringane fylkestinget gjer på møtet i Molde, skal gå utover vidaregåande utdanning.

– Tirsdag 11. desember skal fylkestinget avgjere skjebnen til utdanningssektoren i Møre og Romsdal, skriv Håkonsen i ei pressemelding. Og:

– Dei skal avgjere om elektroelevane på Borgund vgs skal fortsette å ha undervisning i brakker, om at taket i eit bygg på Fagerlia vgs skal fortsette å falle frå kvarandre og at dårlege forhold vil bli oppretthaldt på skular rundt om i heile fylket. For det er vi som tek støyten, det er som å seie at skulen min ikkje er viktig nok. Kvifor er det slik at skular aldri blir prioritert først, spør ho.


 

Fræna videregående i fare for å bli lagt ned dersom Nordøyvegen bygges

– Det blir en for høg pris å betale

– Det tør jeg ikke tenke på engang. Fræna-ordfører og fylkesleder for Senterpartiet, Tove Henøen, frykter konsekvensene av å bygge Nordøyvegen.


Vil demonstrere i Alexandraparken

Elevorganisasjonen inviterer måndag klokka 17:30 til demonstrasjon i i Alexandraparken, som ligg rett framfor hotellet der fylkestinget held hus fram til onsdag.

Elevane inviterer «alle til ein demonstrasjon mot fylket sine dårlege prioriteringar av pengar til skulen.»

Fylkesleiar Aurora Stafsnes Håkonsen peikar på at fylket har dårleg økonomi, og at dette vil gå utover skulen: 

– Vi demonstrerar for å påverke at fylkestinget skal finne pengar frå andre plassar, så skulen ikkje blir nedprioritert. I fleire år har fleirfaldige skular blitt lovd oppussing og betre vilkår. Dette blir fortsatt haldt på pinebenken grunna større og «viktigare» prosjekt.

Ho viser til at all  utbygging av skulebygg nå kan bli sett på pause i  tolv år.

– Dette kan føre til mykje forandring i skulane i Møre og Romsdal. Det er allereie fleire skular som ligg i faresona til å bli lagt ned, medan andre skular ikkje kan ha tilpassa opplæring eller enkelte fag. Vi har fått nok, og det er på tide vi viser det, skriv Håkonsen.

Og:

– Derfor håper vi å sjå så mange som bryr seg om utdanning på demonstrasjonen måndag. Vi håper dette kan påverke fylkestinget, og få dei til å innsjå at dei ikkje kan putte oss til side lenger. Vi i Elevorganisasjonen finn oss ikkje i det!


Uttalelse fra Skoleutvalget ved Romsdal VGS til fylkespolitikerne i Møre og Romsdal

«En så omfattende innsparing vil få dramatiske konsekvenser for skolene»

 

Nemner ikkje Nordøyvegen

I pressemeldinga nemner ikkje Elevorganisasjonen Nordøyvegen med eit ord, sjølv om det er dette vegprosjektet administrasjonen meiner vil sette andre prosjekt på vent, også opprusting av vidaregåande skolar.

– Korfor nemner dokker ikkje Nordøyvegen?

– Vi er ein organisasjon som forheld oss til politikk om skole, ikkje andre sektorar. Som organisasjon er vi ikkje imot vegen. Vårt mål er at kutta i utdanningssektoren skal vere minst mogleg. Vi finn oss ikkje i at skuleprosjekt blir utsette i 12 år.

– Så dokker vel berre å ikkje ta stilling til samanhengen skolepolitikken står i, fordi dokker ikkje skal ha nokon ståstad på andre felt enn skule?

– Ja, det stemmer.


Rektor Arne Tjelle har troen på at Fræna videregående skole består, men ser alvorlig på situasjonen dersom Nordøyvegen vedtas

– Ikke realistisk å legge ned skolen

 

Fræna videregående kan bli lagt ned som følge av Nordøyvegen

– I sjokk

– Dette setter oss 30 år tilbake i tid.