Bønder i Norddal og Rauma mista over 1.000 lam og vaksne dyr i år

Fryktar for gardsdrifta

– 43 av mine lam kom ikkje heim att i haust. Det går ei grense for kor lenge det kan halde fram slik.

Dyrevenn: Sauebonde Hans Martin Gjedrem har Reinheimen som næraste nabo. Reinheimen er også fastsett av styresmaktene som yngleområde for jerv. Det har resultert i store tap for Gjedrem og andre bønder i Norddal og Rauma.   Foto: TERJE ENGÅS

Nyheter

(SMP): Hjartesukket kjem frå Hans Martin Gjedrem (38). Han er kombinert sauebonde og lærar, og har gard øvst oppe i Valldalen. Arne Sandnes, Sp-ordførar i Norddal, er med på besøket til sauebonden. Sandnes har urovekkjande tal å kome med: