Motorklubb fikk inkluderingspris

Nyoppussa lokaler og over 60 medlemmer – alt i løpet av nokre få månader. Ting har skjedd i rekordfart for renoverte Gossen Motorklubb. Onsdag kunne dei ta imot Aukra kommune sin Inkluderingspris.

Motorklubben satt pris på: Gossen Motorklubb, med å v. Helge Beøy, Tor Arne Grønvik og Elias Huse Eikrem mottok onsdag kveld Aukra kommune sin Inkluderingspris for arbeidet med å skape ein møteplass for unge og voksne. – Dette kom som ei stor overrasking! Kjekt at arbeidet vårt blir sett pris på, meinte dei glade vinnarane.  Foto: Gunn Elisabet Aarønes

Nyheter

Aukra: -  Årets vinnarar er på tilbodssida og ønsker samarbeid med både skole og ungdomsklubb. Dei har stort fokus på det sosiale og har skapt ein møteplass for alle, om du likar å mekke eller ikkje. I Gossen Motorklubb er alle velkomne, uansett interesse, og her kan unge lære av kyndige voksne, sa representant frå Aukra kommune si kulturavdeling, Jens Petter Kjøll i grunngjevinga for tildelinga av Inkluderingsprisen.