Helsehuset har fått namn frå sjøen

Det nye helse- og velferdssenteret i Vestnes skal heite Helsehuset Stella Maris. Det har formannskapet vedteke, etter ein namnekonkurranse.

NYTT HELSEHUS: Helsehuset Stella Maris blir namnet på det nye helse- og velferdssenteret i Vestnes.   Foto: SKANSKA/VESTNES kommune

Nyheter

(SMP.NO) Det kom inn i alt 17 forslag, skriv Vestnesavisa. Helsehuset Stella Maris vart vedteke mot ei røyst i formannskapet.

Stella maris er det latinske namnet på sjøstjerne, og forslagsstillarar var Elin Connor og Ingrid Frostad.

Martin Kjøpstad frå Venstre representerte mindretalet i formannskapet. Han gjekk for å kalle bygget Hammeraashuset.

Andre namneforslag som kom inn var: Vestnes omsorgssenter, Færing Trivselsheim, Blinken, Vestnes helse- og velferdssenter, Hellandstøa, Herman Lehmkul-huset, Lars Hammeraas-bygget, Båten, Helsesenteret/Helsehuset, Vestnes helsehus, Vestens Ve og Vel-senter, Center Omnium, Omnia-senteret og Slippen.

Vestnes skal bruke inntil 415 millionar på prosjektet. Bygget skal innehalde 64 plassar, halvparten institusjonsplassar. Dessutan skal senteret huse legesenter, kafé og bibliotek.

Entreprenør er Skanska.

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.