På Harøya er det alle tomlar opp for at fleirtalet av politikarane på fylkestinget stemmer ja til å bygge Nordøyvegen når saka kjem opp komande tysdag

Opprørte øybuarar fulle av kamplyst

– Her er det unntakstilstand fram til 11. desember. For oss er ingenting viktigare akkurat no enn saka om Nordøyvegen i fylkestinget.
Nyheter

Harøya: Rundt bordet i det nye rådhuset på Steinshamn har ordførar Oddvar Myklebust (Ap) samla eit representativt utval av øybuarar for intervju i Romsdals Budstikke.