Vestnes kommune kjøper Vigra-aksje

Vestnes kommunestyre har vedtatt at kommunen går inn som aksjonær i det nyetablerte Utviklingsforum for Ålesund lufthamn, Vigra.

VESTNES BLIR MED: Kjøper aksje i Utviklingsforum for Ålesund lufthamn.   Foto: Avinor

Nyheter

Vedtaket var fatta med 17 mot seks stemmer. I vedtaket heiter det at Vestnes ser behovet for å styrke Vigra sin posisjon som nasjonal lufthamn for Nordvestlandet.

Administrasjonssjefen hadde innstilt på avslag, med bakgrunn i stram kommuneøkonomi. Dette vart tatt opp igjen av Knut Flølo (Frp), som viste til den krevjande økonomiske situasjonen i kommunen og at kommunen derfor skulle takke nei til invitasjonen.

Dette ville ikkje fleirtalet vere med på. Dei vedtok å kjøpe ei aksje til 25.000 kroner og deretter gå inn med årleg driftsstøtte på kroner 32.885 frå og med 2019, ein sun som deretter skal indeksregulerast.

– Innbyggarane og næringslivet i Vestnes brukar både Årø og Vigra. For industrien i Vestnes er utanlandsrutene frå Vigra, ikkje minst med KLM, veldig viktig. Det er eit viktig argument for at vi valde å gå inn, seier ordførar Geir Inge Lien i ein kommentar til Romsdals Budstikke. Vestnes kommune skal delta på stiftingsmøtet i selskapet denne månaden.