Slutt på bråk og humpar i Vestnes

Etter klagestorm på bråk og skade på bilar blir gangfelta av brustein på fylkesveg 160 gjennom Vestnes no fjerna.

VEKK MED FORARGELSEN: Brusteinen på fotgjengarovergangane på Vestnes blir fjerna og erstatta med asfalt.  Foto: OLAV SKJEGSTAD

Nyheter

I samband med bygging av ny E 39 forbi Vestnes sentrum vart det gjort tiltak for å redusere farten på den gamle vegen frå rundkjøringa mot Misfjord. Eitt slikt tiltak var å bygge seks gangfelt innramma av brustein i granitt.