Stor spenning rundt framtida til Tresfjord skule

7.-klassingane til Vestnes

Skal elevane ved Tresfjord skule flyttast til Vestnes frå 1. januar? Fredag går svarfristen ut. Men alle 7. klasseelevane frå Tresfjord har alt flytta over til Helland skule.

USIKKER FRAMTID: Tresfjord skule.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

VESTNES: – Det stemmer at dei fire elevane i 7. klasse har begynt skuleåret på Helland. Det skjer etter individuell søknad frå foreldra, og er ikkje noko kommunen har bestemt, seier administrasjonssjef Tone Roaldsnes til Romsdals Budstikke.

Dermed er elevtalet ved Tresfjord skule per i dag 22.

Høyringsfrist 15. september

Vestnes kommune har no saka om overflytting av alle elevane frå Tresfjord til Helland ute på høyring. Fristen går ut 15. september, deretter kan saka komme opp i kommunestyret i oktober.

Etter vedtaket i kommunestyret om overflytting, vart det levert inn ein mindretalsanke som fylkesmannen skal avgjere. Her har ikkje kommunen fått svar enno, får vi opplyst.

Verdien av ein skule

Kommunalsjef Paul Eidhammer opplyser at det har komme inn fire fråsegn til saka som er ute på høyring.

– Innhaldet her går på verdien av å ha skulen i bygda, det negative ved å flytte elevar frå ein skule til ein annan midt i skuleåret. Det blir også påpeika at det ligg an til vekst i elevtalet i Tresfjord, fortel Paul Eidhammer.

Statistikk viser at det er fire elevar frå Tresfjord som skal begynne på skulen neste haust. Med dagens barnetal i Tresfjord ligg det an til 38 elevar skuleåret 2023/24.