Tresfjord-bygda viste seg frå den vakraste side denne helga. Bortimot 150 møtte opp laurdagskvelden då Saga’s Loft Band spela opp til dans i 25 varmegrader.

Søndag såg det litt meir spennande ut med vêret, men skyene forsvann då arrangementet starta på ettermiddagen.

Musikk inne og ute

Golvet i Tresfjord kyrkje var pynta med einerkvister då publikum kom inn. Medlemmar av spelmannslaget Dåm og Drag deltok med vakker tradisjonsmusikk. Etter at gudstenesta var ferdig drog musikarane opp til museet, der fleire musikarar slutta seg til.

Børge Sylte var konferansier, han kunne fortelje om høgt aktivitetsnivå på museet, som feirar 75 år i 2018. Eit jubileumsskift vil vere klart i løpet av hausten. Det er mange som har gitt både tid og andre ting til museet.

Ros til dugnadsfolk

Børge Sylte trekte fram Arnljot Løvik som har stått på for museet i årevis. Resultat av arbeidet til Arnljot og gode hjelparar er dei nye husa som har komme til museet på 2000-talet; skreddarverkstad, landhandel og kafé, alle med tidstypisk innreiing og inventar.

Graut

I låven var det hektisk aktivitet med servering av vaflar og rømmegraut. Nettopp graut var temaet på kåseriet til Jarle Sanden, som gav publikum ei munter innføring i kva grauten har betydd for kosthaldet i gamle dagar. Svaret var: Nesten alt. Han takka samtidig for samarbeidet med Tresfjord museum, som han omtala i svært positive ordelag.