Ørskog (Smp):  Kven hadde trudd at kornet på dei fruktbare markane på Sjøholt skulle bli slått og rundballa i midten av juli – som eit naudfôr til kyrne.

– Dette er eit eksperiment. Eg veit ikkje at dette er gjort før her på Sunnmøre.

Knut Ivar Bøe meier ned byggåkrane på Sjøholt. Dagen etter er han tilbake for å presse kornstråa til rundballar. Han gir seg ikkje før dei 240 måla med bygg og havre er slått og pakka.

Som leiar av bondelaget i Ørskog vil han gjerne ta ansvar når nokon er i knipe. Også på våre kantar er det bønder som har fôrkrise.

– Alvoret har byrja å gå opp for enkelte, seier grunneigar og kornbonde Kristian Fjørtoft.

– Dette hadde for så vidt gått til kraftfôr uansett. Men det er eit naudfôr, seier Fjørtoft. Han fortel at det er mykje meir arbeid med korn enn med gras, samtidig som det gir mindre avling. Så dette vert visst eit svært dyrt kufôr.

– Kven skulle trudd at vi skulle få eit naudår her til lands? No står vi midt oppi det, til skrekk og åtvaring for politikarar og andre som gjerne ytrar seg om at beredskap ikkje er naudsynt, og at vi berre kan importere mat og fôr, seier Bøe.

Hadde blitt ei fin kornavling

På denne sida av Langfjella finst det ikkje kornmølle for matkorn, så både byggen og havren på Sjøholt hadde blitt kraftfôr uansett.

– Kornbonden skal ikkje tape på dette. Eg tar standard maskinprisar. Dette er for å hjelpe folk i krise som kanskje kan unngå nedslakting av dyr, understrekar Bøe.

For å få det til, måtte slåmaskinen modifiserast slik at den slo stråa høgt nok. Og det er den kjekke sida ved dette, syns han, å finne ut av ting og løyse utfordringane.

Kreativitet og hardt arbeid

På fritida er Knut Ivar Bøe ein kjend musikar som trakterer trekkspelet og også speler folkemusikk.

– Både i landbruket og i musikk må alle utfordringar møtast med kreativitet og hardt arbeid, seier han.

Samtidig syns Bøe det er litt trist at verdifullt korn blir slått ned på denne måten. Blir det musikk inspirert av årets kornslått – anten i dur eller moll?

– Snart skal eg på Landsfestivalen i gammaldans som dommar. Men først må vi få mat ut av mold, svarer Knut Ivar Bøe.

Denne saka sto først i Sunnmørsposten.