(Smp)  – Fire personar er frakta til sjukehus. Status på dei skadde er uviss, opplyser politiet.

Klokka 19.15 vart E39 opna. Første melding frå politiet om ulukka kom klokka 17.34. Dermed har vegen vore stengt i meir enn ein og ein halv time.

Fleire bilistar ringde Sunnmørsposten og fortalde om kaos på omkøyringsvegen gjennom Solnørdalen. Klokka 19.30 er det ikkje lenger trafikkproblem her.

– På vegen via Solnørdalen er det problem, så det blir anbefalt å vente i køen på E39, skreiv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter i 18.30-tida.

Politiet ber vitne til ulukka om å ta kontakt på telefon 02800.

Denne saka sto først i Sunnmørsposten