FRÆNA: – Hjorten hadde fått streng rundt halsen, og hadde tydeleg kjempa for livet for å komme laus, fortel Ståle B. Henriksen frå Hustad.

Dødsfelle

Tysdag morgon fann han den døde hjortebukken ved ein mindre veg i nærleiken av Hustad, der eit gammalt gjerde altså var blitt ei dødsfelle for dyret.

– Det er ikkje første gong eg finn hjort på denne måten, seier Henriksen, og vil slå alarm om dei mange gamle gjerda som står som fareelement for vilt.

– Ta bort gamle gjerde!

– Desse gamle gjerda skulle vore tekne bort. Dei har ingen funksjon lenger, men er ein stor fare for vilt, særleg for kalvane. Ein del av gjerda har til og med piggtråd, og kan påføre dyra store lidingar, seier Henriksen.

Hjort og rådyr

Leiar i viltnemnda i Fræna, Atle Moen, er kjend med funnet av hjorten som døydde etter å ha blitt sittande fast i gjerdet ved Hustad.

– Er det mange slike tilfelle?

– Vi blir ikkje varsla så ofte om slike saker, men for dette dyret har det heilt klart vore eit stort problem. Nyleg var viltnemnda også varsla om eit rådyr som sto fast i eit gjerde. Vi rykka ut, og fekk i det tilfellet rådyret laus og berga, fortel Moen.

Gamle straumgjerde

Han viser til at gamle gjerde kan vere som feller for dyr.

– Det største problemet er gamle straumgjerde, der dyr kan henge seg fast i strengen. Det er viktig at slike ikkje blir ståande, seier Moen.

– Kva tiltak gjer viltnemnda for å unngå dette?

– Ved konkrete hendingar varslar vi landbrukskontoret i kommunen, som så tek kontakt med grunneigar. Generelt er det viktig at dei som har gjerde, ser etter dei, og tek vekk det som ikkje er i bruk, seier Moen.

Viktig å varsle

Han poengterer at den som måtte oppdage dyr som sit fast, levande eller dødt, må kontakte politiet, som igjen tak kontakt med viltnemnda.

– Tragisk

Håkon Slutaas, rådgivar for natur- og vassforvaltning ved Regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, opplyser at det manglar tal på kor mange dyr som døyr på denne måten.

– Men vi veit at det er nokre tilfelle av og til, og når det skjer er det tragisk, seier Slutaas.

– Det er særleg rådyr som lett viklar seg inn i gjerde, ikkje minst der det er sett opp nytt gjerde inn til eit gammalt, så det blir som eit trollgarn, seier Slutaas.

– Kven har ansvar ?

– Gjerde er i utgangspunktet grunneigar sitt ansvar, men det er ikkje ei enkel sak. Det kan vere gjerde som er sett opp som fellesprosjekt av fleire, og område som ikkje er i drift lenger og der dei gamle gjerda er ukjende, seier Slutaas. Han poengterer likevel at dette er eit tema det burde vere meir fokus på.

– Gamle gjerde er fort å gløyme av, men dei kan altså fort komme til å fungere som feller for dyr og utgjere stor fare. Så det er ønskjeleg at det vert teke tak og dei gamle gjerda vert rydda unna, så vi kan unngå dyretragediar, seier Slutaas.

Ståle B. Henriksen. Foto: Ståle B. Henriksen
Atle Moen. Foto: Privat
Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Privat