MOLDE: Romsdals Budstikke fekk tala frå KOSTRA formidla via Fylkesmannen, som påpeika at Molde var verstingen i fylket når det gjeld nedbygging av matjord.

No viser det seg at ein feil i rapporteringa frå Molde kommune er årsaka til at talet vart for høgt.

Nyvegen tar det meste

– Det går med 200 dekar dyrkamark til nyvegen Lønset-Hjelset, 16 dekar til utbygginga av sjukehuset på Hjelset. Det er alt. Dyrkamarka som vart vedtatt omdisponert i Molde i 2017 går til desse to prosjekta, seier konstituert landbrukssjef Nils Bjørn Venås i Molde kommune til Romsdals Budstikke.

– Vi må berre seie oss leie for at opplysningane som vart sendt til KOSTRA var feil i dette tilfellet. Tala blir no straks retta opp, seier Nils Bjørn Venås.

Han legg til at målet for alle er å avgrense skadane når dyrkamark må omdisponerast til anna bruk.

– Prøver å ta omsyn

– Vi prøver å minske skadane og føre tilbake noko av matjorda. Jord som blir lagt til sides blir brukt andre stader, seier Nils Bjørn Venås, som legg til at Molde kommune har eit godt samarbeid med både Statens vegvesen og grunneigarane når det gjeld bruk av matjord til andre ting enn jordbruk.