Fylkesutvalet vedtok å opprette stillinga i april i år. Ordninga er eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunen ut 2019 og vil då bli evaluert. Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage og grunnskole til og med vidaregåande opplæring.

–Alle barn og unge har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skole. Som mobbeombod vil eg ha barn og unge som hovudmålgruppe og arbeide for at rettane deira blir ivaretatt. Ei viktig oppgåve i starten vil vere å gjere ordninga kjent for både barn, unge og foreldre, seier Øksenvåg.

Lærarerfaring

Øksenvåg er utdanna allmennlærar og kjem frå stillinga som seniorrådgivar i avdeling oppvekst og utdanning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho har tildegare arbeidd som fagleiar i Trondheim kommune og lærar i Bærum kommune.

–Mobbeombodet skal vere eit lavterskeltilbod, og alle som ønsker hjelp eller rettleiing i ei mobbesak kan kontakte mobbeombodet. Det kan vere elevar eller foreldre, men også tilsette og leiarar i barnehage og skole, seier ho.

Det nye mobbeombodet ser fram til å starte i den nye stillinga i september:

– I arbeidet med å førebygge mobbing og skape gode og trygge barnehage- og skolemiljø vil det vere viktig å tenke einskapleg. Arbeidet med mobbing må derfor starte tidleg, allereie i barnehagen. Som mobbeombod ønsker eg å samarbeide med aktørar som elev- og lærlingombodet, elevorganisasjonar, foreldreutvala for barnehage- og skole, barnehage- og skoleeigarar, Fylkesmannen og andre. Saman må vi finne ut korleis vi kan utfylle og styrke kvarandre i arbeidet med å gi barn og unge ein mobbefri, trygg og god barnehage- og skolekvardag, seier Øksenvåg.