Eigen plastbåt fekk han også tidleg. I ungdomsskuletida brukte Andreas gjerne denne til eigen skuleskyss frå Orten til Harøya.

Dermed var det naturlege yrkesvalet å bli fiskar. Først vart det fiskarfagskulen på Aukra og seinare teknisk fagskule i Ålesund som er styremannskulen.

Etter skuletida har Andreas Orten deltatt på forskjellige fiskeri som garn-, line-, ringnot- og snurrevadfiske. Første skipperturen fekk han på «M.Solhaug» i 2013. Dette var ein Finnmarktur etter hyse.

Båten oppattkalla etter mor

Seinare danna Andreas og tvillingbrørne Torstein og Øystein eit partsrederi då brørne kjøpte den 50 fot store fiskebåten «Remøybuen». Båten vart omdøypt til «Ragnhild Kristine».

«SMIHAV»: Andreas Orten om bord i sin 32 fot store sjark.

– Namnet var ikkje tilfeldig. Båten er oppattkalla etter mi kjære mor. Då er ho liksom med på fisketurane, smiler Andreas og avslører at han ikkje er nokon hardbark sjøulk.

Fiskarbonden

Den store kjærleiken møtte han i den då 18 år gamle gossejenta Rachel Skarshaug i 2013. Først var dei sambuarpar i ei trong leiligheit på Gossen. Men etterkvart foreslo Rachel at dei like godt kunne flytte ut til Orten og etablere seg i Sivertgarden som sto ledig. Året etter vart flyttelasset pakka og frakta over til Orten og Sivertgarden. Alt då var planane lagd for å renovere nabohuset Smihaugen. No, etter fire år har paret både gifta seg og flytta inn i det nyrenoverte huset.

Folk og dyr

Då vi møtte familien på ein solrik og stille maidag var det fred og harmoni i tunet på Smihaugen. Mange typer høner småkakla under bærtrea og ein hanefar gol bak hønsehuset. Ellinor på snart tre år, hadde plukka ein stor tulipan og nokre småblomster. Oliver på ett år stabba ustø rundt mellom hønene. Berre hunden «Kita» knurra litt på det framande besøket.

Heile familien på Finnmarka

For å få vere meir heime med familien selde Andreas seg ut av partsrederiet i 2015 og tok samtidig over «Nuglå»; leppefiskbåten som søskena hadde i lag. Av pengane han fekk ut kjøpte han seg ein 32 fot stor sjark som fekk namnet «Smihav» etter småbruket dei no bur på.

På ettervinteren i år deltok Andreas på torskefiske på Finnmarka med sjarken sin. Juksafisket var brukbart seier han nøkternt. På to månader drog han opp tett på 50 tonn med torsk.

Spesielt kjekt for den familieglade fiskaren var at Rachel og borna kom nordover med hurtigruta etter halve tida. Her danna dei base i eit hus i Tufjorden på Rolvsøya nord for Hammerfest.

Planane vidare

– Planen vidare i år er å nyte livet mest mogleg saman. Finnmarksturen har gitt ei ok årsinntekt, men eg kjem til å drive litt juksafiske innimellom og kanskje også leppefiske om eg får konsesjon til det. Her på småbruket kan det også vere aktuelt med nokre sauer og grønsakdyrking, fortel Orten.

Når borna kjem opp i skulepliktig alder vil dei flytte over til Gossen. Dei trur det vil bli bra for borna å kome saman med andre jamnaldrande.

Men Smihaugen på Orten vil nok vere ein sentral plass for dei alle i åra framover.