Politiet rykka ved 02.30-tida natt til torsdag ut til Jendem etter fleire meldingar om burning og råkøyring i området.

- Meldingane gikk på at fleire bilar var i aksjon. Men da politipatruljen kom til staden, var det berre ein bil igjen - denne hadde fått motortrøbbel, og vart avregistrert på staden, fortel Per Åge Ferstad ved politiets operasjonssentral for Møre og Romsdal til Rbnett.