Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.

Det fortel operasjonsleiar Arild Reite, etter ein bilbrann på Brandal i Hareid, laurdag ettermiddag.

110-sentralen melde om brannen - og at Hareid brannvesen hadde rykka ut, litt etter klokka 15.

- Dei har kontroll på staden, heiite det då.

- Vi vart kontakta om brannen klokka 14.40. Bilen stod på eit tidspunkt i full fyr, så sjølv om dei no har kontroll på brannen, reknar eg med skadene er store, sa operatør Sindre Kvamshaug ved 110-sentralen kort tid etter.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.45.

- Då patruljen kom fram, var brannen alt sløkt. Ingen vart skadd, seier operasjonsleiar Reite. Då smp.no var i kontakt med operasjonssentralen klokka 16 var politiet framleis på staden.

Bilen det har vore brann i er ein Caddilac Coupe De Ville av eldre årgang.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.