– Her har vi ein svært engasjert lærar, som med sin innsats og godt forhold til elevane fremmer nynorsken på ein svært god måte, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Stipend

Torsdag delte han ut eitt av to nynorskstipend som mållaget deler ut i år, til Ingebjørg Eide ved Eide ungdomsskole. Eide er bokmålskommune, elevane der har dermed nynorsk som sidemål. Stipendet skal brukast til eit lærebokprosjekt ved skulen, der Ingebjørg Eide ønskjer å finne ut om elevane får ei betre tilnærming til nynorsk og vert flinkare i sidemålet om dei møter målforma også i andre skuletimar.

– Behov for nye grep

– Tildelinga var overraskande, og helt storveges! kommenterer Ingebjørg Eide, svært fornøgd med tildelinga som at gjer prosjektet hennar kan gjennomførast. Ho fortel at ho i mange år har tenkt på at det må gjerast andre grep for å betre læring av nynorsk som sidemål.

– Må starte før

– Heilt til nyleg starta nynorskopplæringa først i niande, og elevane skal så ha fullgod kompetanse når dei er ferdig med 10. klasse. Det er umogleg! Resultatet vert også at mange får eit negativt forhold til nynorsken, seier Eide. Ho meiner at læringa må starte lenge før, og også skje gjennom andre fag.

– Med hyppigare møte med nynorsk, venner elevane seg enklare til det, vert flinkare, og får eit meir positivt forhold til målforma, seier Eide.

Kjøper lærebøker

Planen er at ho skal bruke stipendet på 50.000 kroner til innkjøp av samfunnsfagbøker på nynorsk til klasse 10a.

– Klassen har fem norsktimar i veka, av desse vert 2–3 brukt til nynorsk. Når elevane i tillegg møter nynorsk i tre samfunnsfagtimar, får nynorsken større plass. Det trur eg vil gi resultat, slik det har vist seg andre stader, seier Eide.

– Korleis opplever du stemninga blant elevane for dette?

– Dei aller fleste er positive, dei gjer ein god innsats, og er spente på opplegget. Dei ser poenget og verdien av dette, seier Eide. Og om nokon skulle komme til å meine at det vert umogleg, så får dei tilbake bokmålsboka, seier norsklæraren.

Endra innstilling

Ho har hatt denne klassen sidan 8. klasse, og opplever at elevane har gått frå ei negativ haldning til nynorsk i starten av åttande trinn, til å vere glad dei meistrar stadig meir no på niande trinn.

– Det er også kjekt å høyre at dei er meir merksame på eiga dialekt, og at dei brukar dialekta som grunnlag for å finne gode nynorske ord og måtar å uttrykke seg på, seier Eide.

Inspirert i Volda

Etter at ho gjennomførte studiet «Nynorsk i opplæringa» ved Høgskulen i Volda, har Ingebjørg Eide endra praksis.

– Studiet gav meg betre innsikt i korleis nynorsken skal kunne får ein betre plass i norskfaget, seier ho.

– Kunnskapen eg fekk om korleis nynorsk kan bli ein større og naturleg del av skulekvardagen til bokmålselevane, har gjort at eg søker nye måtar å undervise på i målforma, seier Ingebjørg.

Og poengterer at ho er glad for oppfølginga ho har fått der. Marit Wadsten frå høgskulen var også med på overrekkinga torsdag, det same var Øyvind Fenne frå Romsdal mållag.

Positive elevar

– Kva synest elevane om enda meir nynorsk?

– Vi synest det er heilt greitt at vi på denne måten kan få lære meir nynorsk, seier tillitselevane Isak Storvik Smørholm og Andrea Visnes Eide.

– Vi forstår nynorsk ganske godt, det meste av det vi seier i dialekten vår er nynorsk, seier Andrea.

– Det blir enklare å lære nynorsk godt når vi også har det ikkje berre i norsktimane, seier Isak.

– Så elevane synest det er greitt med nynorsk også i samfunnsfag?

– Ja, når folk kjem i gang og venner seg til det, så går dette fint. Vi vil kunne lære meir språk, og det vil hjelpe oss til å få betre karakterar, seier Isak.