VESTNES: Selskapet Smarthub AS, som har hatt ansvaret for montering av smarte straummålarar i Møre og Romsdal, må no ut på etterkontroll i 300–400 husstandar.

Det er Vestnesavisa som skriv dette onsdag.

Vart avslørt

Smarthub AS stadfestar overfor avisa at ein av deira montørar hadde falske papir. Det var ein annan tilsett som fatta mistanke og melde frå.

– Det som har skjedd er svært beklageleg. Montøren hadde alle papir og var godkjent av myndigheitene. I tillegg har han vore gjennom ei grundig opplæring før han fekk jobbe for oss, , seier dagleg leiar i Smarthub AS, Svein Ivar Morsund til Vestnesavisa.

Forfalskinga vart avslørt då Smarthub tok kontakt med dei som ifølgje papira skulla ha stått for godkjenninga.

– Dei kunne stadfeste at han aldri hadde tatt fagprøve hos dei, seier Morsund.

Fekk sparken

Montøren innrømte det heile, og vart deretter avskjediga på dagen.

Smarthub er alt i gang med med å kontrollere alle anlegg han har vore borti.

– Det er snakk om mellom 300 og 400 straummålarar, seier Morsund til avisa.

Så langt er det ikkje avdekka feil. Morsund seier alt tyder på at den falske montøren har gjort ein fagmessig god jobb, men at dei uansett må utføre denne kontrollen for å vere på den sikra sida.