Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tilrår fylkesutvalet å si nei til deponiplanane på Raudsand. Saka skal opp i fylkesutvalet måndag 4. juni.

Han meiner anlegget kan føre til «vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.»

Fylkesrådmannen tilrår fylkesutvalet å gjere følgande vedtak:

1. Det er nokre manglar i utgreiinga knytt til sjømatproduksjon og omdømetap, og til vassmiljømåla i medhald av regional vassforvaltingsplan

2. Fylkesutvalet finn likevel ikkje grunn til å krevje tilleggsutgreiingar, og meiner såleis at vedtak kan gjerast på grunnlag av den kunnskapen som ligg føre.

3. Fylkesutvalet reiser motsegn til planframlegget med heimel i miljømåla regional vassforvaltingsforvaltingsplan.

– Det er prinsippielt uønska at farleg avfall frå industriproduksjon skal eksporterast bort frå opprinnelsen til problemet. Behandling av industrielt risikoavfall bør skje nærast mogleg produksjonskjeldene for å redusere risikoen for ulukker under transport, skriv Guttelvik i si tilråing.

Saka oppdateres.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ber politikarane om å si nei til reguleringa som opnar for deponi på Raudsand. Foto: Bjørn Brunvoll