RAUDSAND: Per tysdag ettermiddag er det kome inn 18 høyringssvar, opplyser saksbehandlar Hogne Frydenlund i Nesset kommune. Nokre få aktørar har av ulike grunnar fått innvilga utvida frist.

Ulike aktørar

Høyringssvara som har kome inn, vert lagt ut på Nesset kommune si heimeside.

Svara som er lagde ut, er frå privatpersonar, politiske parti, interesseorganisasjonar, og Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.

Varslar motsegn

NVE varslar i sitt svar motsegn, og forklarer at grunnlaget er at naturfare knytt til flaum- og skredfare ikkje er tilfredsstillande greidd ut og innarbeida i planframlegget.

Geologi og omdømme

Av politiske parti har Møre og Romsdal KrF og Kristiansund Venstre lagt inn protest, der det vert vist til uro omkring geologi, og for planlagt transportopplegg. Gjemnes næringsforum og Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag er negative, mellom anna på grunn av matproduksjon frå land og sjø, og omdømmet med tanke på reiselivstilbod.

Svar frå privatpersonar

Ei rekke privatpersonar med adresse både på Raudsand og i området elles, er på svarlista. Desse er med eitt unntak negative til planen.

«Vertskap for søppel»

Mellom motstandarane er Randi Thomassen, som poengterer at Raudsand i løpet av kort tid vil vere ein del av hennar bustadkommune Molde.

– Eit avfallsdeponi vil vere direkte skadeleg, og uharmonisk for framtidsretta næringsverksemd for reiseliv, turisme og matproduksjon. Eg vil ikkje at Molde kommune skal vere vertskap for søppel! skriv ho.

Seier ja

Kjell Olav og Anne-Karin Sjøli opplyser at dei er nære naboar med det planlagde anlegget.

– Vi stiller oss positive til dei framlagde planane. Det er ingenting i plandokumenta som gjer oss bekymra for etableringa. Vi håper at industribygda Raudsand framleis kan kalle seg industribygd også i framtida, skriv Sjøli.

Ventar fleire svar

Frydenlund reknar med at det vil komme fleire høyringssvar, og opplyser at svara vil bli behandla i løpet av sommaren. Høyringsfristen er altså fredag 1. juni.